lørdag 19. mai 2012

Norskfaget


Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet (LK07) har fått mykje kritikk, og mange hevdar at den er for omfattande, utflytande og ambisiøs. Mellom anna hevda GunnarSkirbekk nyleg i ein kronikk i BT at læreplanen Udir “ leverer høgtravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elveane i norskfaget”.
Det er bestemt at planen skal revideras og ei arbeidsgruppe har nyleg lagt fram eit forslag. 

Eg har møtt denne planen frå eg gjekk i ungdomskulen, og har gjort mine erfaringar.
Sidan eg har blitt opplærd etter denne planen har eg mine meiningar om korleis denne planen har virka på meg. Eg kan seie meg einig i kva Gunnar Skirbekk skreiv i kronikken sin i BT. Språket som vi blir opplærd i, kan virka svært langt til sides for korleis vi vanlegvis snakkar. I fjernsynet er det også svært vanleg å snakke dialekt som igjen gjer at det høgtravande språket vi lærar på skulen blir kunstig. Det kan verka som om det er korleis ein skal skriva som er viktig og ikkje kva ein skriv om.

I den nye planen bør ein fjerna det kunstege med norsken og heller konsentrera seg om korleis ein skal skrive innhaldsrikt, men samstundes riktig. Med riktig meiner eg eit slikt språk som dei fleste kan kjenna seg igjen i. Sjangrar som kåseri og essay kan ein ta ut i undervisninga og heller tilby dei som fordjupingsfag. Dagens ungdom interesserer seg meir om film, facebook og twitter. Desse sosiale mediar burde ein ta meir på alvor, og få med i planen. Det er lettare for ungdomen å sjå nytte av dette som fag enn kåseri  og essay.  


http://lrtiller.files.wordpress.com/2008/12/wordle_norsk.jpg?w=500
https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgeTBzYB0e1QzJUvz2Js83gDJ4ETnUUQ-IoJQWu_hjF-7PEAFvRn1tTt3_vFcKePjB0sDSrkKBKnVCn_Mqi5Ujxg2OIhcSYsqUI8N_mIiXaOiBZkDYYwiSMyXyy_VMVvsxJklJXE1h76CM/s400/medier.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar