lørdag 19. mai 2012

Fordjupningsemne 2


Eg har no presentert fordjupingsemnet mitt i norsk. Mitt val falt på emnet, adaptasjon. Det vil sei at eg valte å samanlikne bok og film, altså film som er laga i utgangspunkt av ei bok. Valet mitt falt på boka Dear John som er skriven av forfattaren Nicholas Sparks. Mange som har lest bok og deretter sett filmen som er basert på boka, har ofte blitt skuffa over filmen. Blant anna fordi fleire av hendingane blir kutta ut eller omgjort, i tillegg kan både begynninga og slutten være forandra. Eg fant ut at eg først skulle lese boka før eg såg filmen, for så å finne ut kva inntrykk eg satt igjen med. Måten eg valte å arbeide med dette emnet på, likte eg, for eg er ei jente som likar å arbeide fritt og på eigenhand. Då kan eg styra mine eigne løp. Samtidig var det ikkje bare ein leik å arbeide med denne oppgåva, det var også ein utfordring. For det var ikkje så lett å vita kva eg skulle ha med i oppgåva ettersom eg måtte halde meg innanfor ei tildelt tidsramme og dette speilte seg igjen i karakteren eg fekk. Karakteren er eg likevel nøgd med, sidan eg berre mangla nokre få punktar for å oppnå ein endå betre karakter.  Det viktigaste eg lærte i arbeidet med dette emnet var vel kva eg må forbetre meg på til eksamen.


Bilete kjelder

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar