lørdag 19. mai 2012

Litteratur etter 1980


I det siste har vi sett på litteratur frå tida etter 1980. Ved sidan av å ha lest romanen Kjærleik av Hanne Ørstavik (1997) har vi arbeida i par med ein kortare tekst av ulike forfattarar. Eg arbeida i par med Maria og vi presenterte eit utdrag frå ein roman Coka Hola Company av Abo Rasul. Forfattaren heiter eigentleg Mathias Faldbakken. Romanen blei utgjeven i 2001. Denne romanen handlar om ein mann, som kallar seg sjølv Simpel. Han er ein menneskefiendtleg person (misantropisk) som hatar alt som har med menneskar og gjera. Sjølv driv han eit pornofilmselskap for å kunne betale for aksjonar han driv mot det han hatar. Alt i frå folk som tar trikken, set ei sprøyte i parken, skriv i aviser og pedagogar.

I utrdaget vi tok for oss, finn vi Simpel i eit tv-program der han vert intervjua av ein programleder som heiter Peter Nilsen. Intervjuet handlar om nokre av aksjonane Simpel hadde gjort. Mellom anna fortalte han om at han hadde dopa ned ein kulturmedarbeidar og tatovert ordet fascinasjon på magen hennar. I intervjuet blir han oppfatta som ein veldig hissig og misnøgd person, men samstundes får han støtte frå publikum i studio. Dette tykkjer han ikkje noko om, sidan han er i mot å bli godtatt i samfunnet. Applausen han får viser berre at han og er ein del av det samfunnet han hatar.  Det viser at han berre er eit menneske som aksjonerar mot seg sjølv.
Min meining er at Abo Rasul vil få fram at det i dag ikkje er noko som provoserer lenger. Simpel ville med sine aksjonar provosere publikum men dette mislykkast han med. Dette finn ein også igjen i alle Tv-program der dei prøver å sjokkere sjåarane, men dei endar berre med å latterliggjera seg sjølve. 
Romanen vi arbeidde med er eit eksempel frå skitten-realismen. Denne sjangeren framhevar ofte det som ein forbinder med kvalme og ubehag. Der menneskar er sære og har eit avskyeleg språk seg i mellom. Sjangeren har ikkje tabuer. Dette utdraget vi har arbeida med passar rett inn i skitten-realismen.
Tekstane til Abo Rasul inneheld eit språk som er stygt, rått og overdrive.  Han har også skriven ei anna roman som går under tittelen misantropi, Macht und Rebel. Denne blei utgitt i 2002 og handlar om ein politisk venstre side som lar seg sluke av ein rå kapitalisme. Begge romanane handlar om at det er ikkje noko som provoserer lenger.  Eg tykkjer teksten i Coka Hola Company var både morosam og drøy på same tid. Ordbruken var likevel i overkant av kva eg tykkjer sømer seg.  

Biletekjeldar 

https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgFGzOI0i-hG7g0lb2Uy4lraHyZCL2yDagL1-0wNcXcJy1pJUPRaHtxHR92nsQuRkx4tNBbphIb0V-_5e7_31TzBbcPwQL4vXXczcNNRWK6GmkikT5DkV-ZeUlEqyxdupp1fwsDhwEU61bu/s1600/matias8.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar