mandag 27. februar 2012

Talemål


Eg kjem frå vest landet, og bur på ei øy utafor Bergen. Her snakkar dei fleste den bergenske dialekten, der alle uttaler ”jeg” som – ”eg”, ”ikke” som ”ikkje” og den tydelege skarre- R som du høyrer over heile vestlandet. Her snakkar vi ikkje med tjukk L eller nokon blaute konsonantar. Dersom du drar til dei andre områda lengre ute på øya vil du merke at dialekten der skil seg meir frå den bergenske dialekten som eg snakkar. Likevel går det typiske trekka igjen, men nokre ord blir uttalt litt annleis. Nokon seier ”gjera” og ”den jento” medan eg seier ”gjøre” og ”den jenten”.

Mine foreldre snakkar eit anna talemål enn det eg gjer. Min mor er frå byen Tromsø i Nord-Noreg, men ho har budd i Bergen så lenge at  ho snakkar ein blanding av bergensk dialekten og den nordnorske dialekten. Ho skifter med ein gong over til den nord norske dialekten når ho er heime i Tromsø eller snakkar med familien sin eller venninner på telefonen.
Faren min er født og oppvokst på vest landet, men det er litt vanskeleg å sei kva for eit talemål han har. Eg kan vel sei det er ein blanding av alle slags dialektar. Når han var ein liten gut og ungdom, snakka han med rulle r, men no er r’en havna midt på tunga .  Han verken skarrar eller rullar på r’en. Han reiser mykje rundt i landet,  noko han har gjort heile livet, og budd på forskjellige områder med forskjellige dialektar. Kan vel sei han har lett for å tilpasse seg dialektar han treffar på og forandrar talemålet etter kven han snakkar med. Eg snakkar med den same dialekten uansett kven eg snakkar med, men eg har merka at når eg besøkar familien i nord, har eg ein tendens til å uttale nokre ord slik dei gjer. Det er litt morosamt å tenkje over at eg er halvt nordlending, men eg ser på meg sjølv som ein ekte bergensar.

Bilete kjelder

søndag 26. februar 2012

Adaptasjon

Adaptasjon av litterære tekster til film har vore vanleg til alle tider, og mest vanleg har det vore å bruke ein roman som utgangspunkt for filmmanus. Nesten alle filmane eg har sett dei siste åra har vore bygd på ei populær forteljing. Grunne til at det har vore så vanleg å bruke littære tekster som grunnlag for film er at historia allereie er kjent, moglegheita for filmen gjer det bra (altså spelar inn penger) er mykje større dersom boka har vore populær. Eit par av dei beste eksempla er Ringenes Herre av J.R.R Tolkien, Harry Potter av J.K Rowling og alle dei kjente kjærleik historiene, som The Notebook og A walk to remember av Nicholas Sparks.

Eg har sett ein del filmar i det siste som har vore basert på romanar, men eg har ikkje lest nokon av dei dessverre. Eg kjenner nokon som pleiar å lese romanar, som etterpå ser filmane som er basert på dei. Dei seier alltid at dei tykkjer at dei littære tekstane formidlar temaet best. Dei som produserer filmane følgjer ikkje alltid heile innhaldet i bøkene og endrar på nokon av handlingane, slik at dei som har lese romanane sitt igjen eit annleis inntrykk av filmen enn kva dei gjorde etter dei hadde lese boka. Når ein les ei bok så lager ein bilete i hovudet av personane og handlingane, og når ein så ser filmen er alt annleis.

Filmen Tatt av kvinnen er bygd på ein roman av Erlend Loe. Dette er ein komedie som vi såg i norsktimane på skulen. Filmen omhandlar menneske i ein livsituasjon der kjærleik og det å finne seg sjølv blir satt i sentrum. Det eg trur filmen prøver å formidle er kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, samtidig som vi følgjer vegen til hovudpersonen, som både undrar og prøver å finne ut kva han vil gjere med livet sitt. Her er forteljinga laga slik at tankane hans blir fortalt med hans eigen forteljar stemme, som i filmverda kallar voice-over. Her er eit eksempel frå byrjinga av filmen:

"Det var på den tiden hun begynte å komme oftere. Om kvelden, like før jeg skulle legge meg. Hun satte seg ned og pratet. Alltid om hvor glad hun var i stillhet, om hvor godt det er bare å være alene. Pratet og ble aldri ferdig". (Erlend Loe)

Eg synast filmen var bra og litt morosam. Så dersom du lik filmar som formidlar temaet gjennom både humor og alvor, er den vel verdt å sjå. 
Bilete kjelder  

Sidemål

Kunnskapdepartementet La tysdag 24.1. fram til høyring eit forslag om å endra norskfaget. Forslaget  som er utarbeida av Udir medfører mellom anna at det berre skal være ein skrifteleg karakter i norsk. Det har å seie at det blir slutt på ein eigen karakter i sidemål, og at den skriftlege karakteren skal omfatte ferdigheiter både i nynorsk og bokmål.


Eg har delte meiningar om dette framlegget. På ein måte kan ein samla karakter auke innsatsen i faga, sida det er berre snakk om ein karaktersetting. På ein anna side kan dette føre til dårlegare karakter. For viss ein ikkje meistrar sidemålet på lik linje som hovudmålet, vil dette påverka heile karakteren negativt.
Mange hevdar at dette vil svekke opplæringa i nynorsk. Det kan eg seie meg einig i. Eg trur ikkje sidemålet vil bli lagt like mykje vekt på , sjølv om det skal vurderast på lik linje som hovudmålet. Eg trur elevane ser på dette forslaget som ein moglegheit å gjæra mindre i faget, i tilegg er det fare for at når eit slik forslag blir innført, vil sidemålet gradvis bli viska vekk. Her snakkar vi eigentleg om nynorsk.  For å hindre at sidemålet forsvinn må dei ulike krava i faga prioriteras og handhevast, både for elevane og sidemålet si skuld.
Det er ikkje uoppnåelig å læra seg noko her i livet. Viss du legg litt ekstra innsats i det og har eit mål vil du klara å meistra det, og i dette tilfellet vil det være både hovudmålet og sidemålet ditt. 
Dette halvåret skal eg skrive innlegga mine på sidemålet mitt. Eg hadde ikkje så mykje å sei i valet av mitt hovudmål. Mine foreldre valte bokmål som mitt hovudmål. Mora mi hadde sjølv bokmål som hovudmål, medan far min hadde nynorsk som hovudmål, men sidan eg budde hos mi mor, falt valet hennar på bokmål. I tilegg hadde skulen eg gjekk på bokmål som sitt hovudmål.
Eg tykkjer eg beherskar sidemålet noko lunde bra. Eg har ikkje lagt så mykje innsats i faget dei siste åra, sidan eg var blant dei som ikkje har sett heilt meininga med faget. Av den grunn klarer eg ikkje å utrykke meg like godt på begge målforma. Dette har endra seg litt i den siste tida. Eg ynskjer å legga meir vekt på faget for å klare å utrykkje meg likegodt som på bokmål og sjå om eg klarar å få ein betre karakter. Eg veit jo aldri om eg kjem til å få ein framtidig jobb, der det blir krevd å meistra sidemål, som i mitt tilfelle er nynorsk. Ein skal aldri sei aldri, men å meistra nynorsk kan gje meg ein fordel i framtida.

Bilete kjelde

http://www.nm.no/_bilete/maalbyte.jpg