søndag 26. februar 2012

Sidemål

Kunnskapdepartementet La tysdag 24.1. fram til høyring eit forslag om å endra norskfaget. Forslaget  som er utarbeida av Udir medfører mellom anna at det berre skal være ein skrifteleg karakter i norsk. Det har å seie at det blir slutt på ein eigen karakter i sidemål, og at den skriftlege karakteren skal omfatte ferdigheiter både i nynorsk og bokmål.


Eg har delte meiningar om dette framlegget. På ein måte kan ein samla karakter auke innsatsen i faga, sida det er berre snakk om ein karaktersetting. På ein anna side kan dette føre til dårlegare karakter. For viss ein ikkje meistrar sidemålet på lik linje som hovudmålet, vil dette påverka heile karakteren negativt.
Mange hevdar at dette vil svekke opplæringa i nynorsk. Det kan eg seie meg einig i. Eg trur ikkje sidemålet vil bli lagt like mykje vekt på , sjølv om det skal vurderast på lik linje som hovudmålet. Eg trur elevane ser på dette forslaget som ein moglegheit å gjæra mindre i faget, i tilegg er det fare for at når eit slik forslag blir innført, vil sidemålet gradvis bli viska vekk. Her snakkar vi eigentleg om nynorsk.  For å hindre at sidemålet forsvinn må dei ulike krava i faga prioriteras og handhevast, både for elevane og sidemålet si skuld.
Det er ikkje uoppnåelig å læra seg noko her i livet. Viss du legg litt ekstra innsats i det og har eit mål vil du klara å meistra det, og i dette tilfellet vil det være både hovudmålet og sidemålet ditt. 
Dette halvåret skal eg skrive innlegga mine på sidemålet mitt. Eg hadde ikkje så mykje å sei i valet av mitt hovudmål. Mine foreldre valte bokmål som mitt hovudmål. Mora mi hadde sjølv bokmål som hovudmål, medan far min hadde nynorsk som hovudmål, men sidan eg budde hos mi mor, falt valet hennar på bokmål. I tilegg hadde skulen eg gjekk på bokmål som sitt hovudmål.
Eg tykkjer eg beherskar sidemålet noko lunde bra. Eg har ikkje lagt så mykje innsats i faget dei siste åra, sidan eg var blant dei som ikkje har sett heilt meininga med faget. Av den grunn klarer eg ikkje å utrykke meg like godt på begge målforma. Dette har endra seg litt i den siste tida. Eg ynskjer å legga meir vekt på faget for å klare å utrykkje meg likegodt som på bokmål og sjå om eg klarar å få ein betre karakter. Eg veit jo aldri om eg kjem til å få ein framtidig jobb, der det blir krevd å meistra sidemål, som i mitt tilfelle er nynorsk. Ein skal aldri sei aldri, men å meistra nynorsk kan gje meg ein fordel i framtida.

Bilete kjelde

http://www.nm.no/_bilete/maalbyte.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar