søndag 26. februar 2012

Adaptasjon

Adaptasjon av litterære tekster til film har vore vanleg til alle tider, og mest vanleg har det vore å bruke ein roman som utgangspunkt for filmmanus. Nesten alle filmane eg har sett dei siste åra har vore bygd på ei populær forteljing. Grunne til at det har vore så vanleg å bruke littære tekster som grunnlag for film er at historia allereie er kjent, moglegheita for filmen gjer det bra (altså spelar inn penger) er mykje større dersom boka har vore populær. Eit par av dei beste eksempla er Ringenes Herre av J.R.R Tolkien, Harry Potter av J.K Rowling og alle dei kjente kjærleik historiene, som The Notebook og A walk to remember av Nicholas Sparks.

Eg har sett ein del filmar i det siste som har vore basert på romanar, men eg har ikkje lest nokon av dei dessverre. Eg kjenner nokon som pleiar å lese romanar, som etterpå ser filmane som er basert på dei. Dei seier alltid at dei tykkjer at dei littære tekstane formidlar temaet best. Dei som produserer filmane følgjer ikkje alltid heile innhaldet i bøkene og endrar på nokon av handlingane, slik at dei som har lese romanane sitt igjen eit annleis inntrykk av filmen enn kva dei gjorde etter dei hadde lese boka. Når ein les ei bok så lager ein bilete i hovudet av personane og handlingane, og når ein så ser filmen er alt annleis.

Filmen Tatt av kvinnen er bygd på ein roman av Erlend Loe. Dette er ein komedie som vi såg i norsktimane på skulen. Filmen omhandlar menneske i ein livsituasjon der kjærleik og det å finne seg sjølv blir satt i sentrum. Det eg trur filmen prøver å formidle er kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, samtidig som vi følgjer vegen til hovudpersonen, som både undrar og prøver å finne ut kva han vil gjere med livet sitt. Her er forteljinga laga slik at tankane hans blir fortalt med hans eigen forteljar stemme, som i filmverda kallar voice-over. Her er eit eksempel frå byrjinga av filmen:

"Det var på den tiden hun begynte å komme oftere. Om kvelden, like før jeg skulle legge meg. Hun satte seg ned og pratet. Alltid om hvor glad hun var i stillhet, om hvor godt det er bare å være alene. Pratet og ble aldri ferdig". (Erlend Loe)

Eg synast filmen var bra og litt morosam. Så dersom du lik filmar som formidlar temaet gjennom både humor og alvor, er den vel verdt å sjå. 
Bilete kjelder  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar