Læreplanen i norsk etter Kunnskapsløftet (LK07) har fått mykje kritikk, og mange hevdar at
den er for omfattande, utflytande og ambisiøs. Mellom anna hevda GunnarSkirbekk nyleg i ein kronikk i BT at læreplanen Udir “ leverer høgtravande og
innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elveane i
norskfaget”.
Det er
bestemt at planen skal revideras og ei arbeidsgruppe har nyleg lagt fram eit
forslag.
Eg har møtt denne planen frå eg gjekk i ungdomskulen, og har gjort
mine erfaringar.
Sidan eg
har blitt opplærd etter denne planen har eg mine meiningar om korleis denne
planen har virka på meg. Eg kan seie meg einig i kva Gunnar Skirbekk skreiv i
kronikken sin i BT. Språket som vi blir opplærd i, kan virka svært langt til
sides for korleis vi vanlegvis snakkar. I fjernsynet er det også svært vanleg å
snakke dialekt som igjen gjer at det høgtravande språket vi lærar på skulen
blir kunstig. Det kan verka som om det er korleis ein skal skriva som er viktig
og ikkje kva ein skriv om.
I den nye
planen bør ein fjerna det kunstege med norsken og heller konsentrera seg om
korleis ein skal skrive innhaldsrikt, men samstundes riktig. Med riktig meiner
eg eit slikt språk som dei fleste kan kjenna seg igjen i. Sjangrar som kåseri
og essay kan ein ta ut i undervisninga og heller tilby dei som fordjupingsfag.
Dagens ungdom interesserer seg meir om film, facebook og twitter. Desse sosiale
mediar burde ein ta meir på alvor, og få med i planen. Det er lettare for ungdomen
å sjå nytte av dette som fag enn kåseri
og essay.
http://lrtiller.files.wordpress.com/2008/12/wordle_norsk.jpg?w=500
https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgeTBzYB0e1QzJUvz2Js83gDJ4ETnUUQ-IoJQWu_hjF-7PEAFvRn1tTt3_vFcKePjB0sDSrkKBKnVCn_Mqi5Ujxg2OIhcSYsqUI8N_mIiXaOiBZkDYYwiSMyXyy_VMVvsxJklJXE1h76CM/s400/medier.jpg